Om oss

Om Vik Bedehus

Vik Bedehus frå 1937 til i dag


Vik Bedehus på Toftøy i Øygarden vart bygt i 1937 og innvia 2.september. Fram til då var møta på Vik og Toft lagt til skulehuset på Stølane. Det gamle skulehuset vart i 1937 flytta til Turøy, medan Toftøy fekk nytt skulehus nord for Skulhusbakkjen på Toft.


Fornying

Bedehuset på Vik vart ombygd og fornya i 1966. Det kom stolar i staden for benkar i møtesalen, og nytt kjøkken og toalett inni huset. Før dette var det utedo på nordvestsida av bedehuset.


Ombygging

I 1994 skjedde ei omfattande ombygging og fornying av bedehuset. Huset vart dobbelt så stort, møtesalen vart snudd med front mot vest (tidlegare mot sør), det vart stor småsal med skyvedører inn til storsalen, nytt og moderne kjøkken, og fleire mindre grupperom. I omlag 10 år etter dette vart huset brukt av Øygarden kommune til Dagsenter for utviklingshemma.


Ny fornying

I 2007 stod ei «mindre» fornying for tur. Denne gongen vart toalett- og garderobedelen ombygd og modernisert, og det vart installert nytt lydanlegg i bedehuset.

I 2018 vart det gjort ei stor oppussing der ein oppgraderte heile bedehuset innvendig. Denne var ferdigstilt i desember 2018.


Vik Bedehusforeining

Den 16. februar 2013 vart Vik Bedehusforeing stifta (Org.nr 998 031 680). Foreininga byggjer si verksemd på Bibelen og den evangelisk-lutherske vedkjenninga. Foreininga har som føremål å driva det kristne arbeidet med tilknyting til Vik Bedehus, slik at menneske skal verta frelste, bevarde og utrusta. For å realisera dette vil me prioritere forkynning av og undervisning i Guds ord til alle aldersgrupper, arbeida for indre- og ytremisjon, nådegåvebasert teneste, gjevarteneste og leiartrening.

Vik Bedehus er i dag ein forsamling knytt til ImF og Misjonssambandet.


Styret for Vik Bedehusforeining 2022-2023

Øystein Vik (Styreleiar),  Cecilie Vik Sætre (Nestleiar), Ivar Melås, Magnhild Thomassen  og Anette Toft Wastvedt (Kasserer/utleige) - Mons Arle Toft (1. vara) og Siv Helen Vik (2. vara).


Åndeleg leiarskap:

Andreas Evensen, Torgeir Landro, Ole Kristian Vikenes, Oscar Vik og Morten Torsvik


Medlemskap

Alle som ynskjer å støtte opp om Vik Bedehusforeining sitt føremål kan verta medlem. Ein betalar då ein årleg medlemskontigent fastsett av årsmøtet (Kr 100,- for 2022).


Røysterett på foreininga sitt årsmøte har dei som har betalt kontigent til foreininga innan 31.12 året før årsmøtet, og har fylt eller fyller 16 år det året årsmøtet vert halde.


For å verta medlem, ta kontakt med Øystein Vik , Mobil 917 83 989; oystein.vik@gmail.com

Aktivitetar

  • Storsamlingar
  • Bibeltimar
  • Bønnemøter
  • Søndagsskule
  • Gutten
  • Jenteforeining
  • Yngres
  • Barnekoret Lyskastaren
  • Kvinneforeining
  • Mannskoret 12Manna
  • Bibel- og og bønnegrupper
  • Torsdagstreffet – ein møtested for alle som har høve til å møtast for ein prat og ein kopp kaffi – ein torsdag i månaden.


Kalendar