Om Vik Bedehus

Vik Bedehus frå 1937 til i dag


Vik Bedehus på Toftøy i Øygarden vart bygd i 1937 og innvia 2. september. Fram til då var møta på Vik og Toft lagt til skulehuset på Stølane. Det gamle skulehuset vart i 1937 flytta til Turøy, medan Toftøy fekk nytt skulehus nord for Skulhusbakkjen på Toft.


Fornying

Bedehuset på Vik vart ombygd og fornya i 1966. Det kom stolar i staden for benkar i møtesalen, og nytt kjøkken og toalett inni huset. Før dette var det utedo på nordvestsida av bedehuset.


Ombygging

I 1994 skjedde ei omfattande ombygging og fornying av bedehuset. Huset vart dobbelt så stort, møtesalen vart snudd med front mot vest (tidlegare mot sør), det vart stor småsal med skyvedører inn til storsalen, nytt og moderne kjøkken, og fleire mindre grupperom. I omlag 10 år etter dette vart huset brukt av Øygarden kommune til Dagsenter for utviklingshemma.


Ny fornying

I 2007 stod ei «mindre» fornying for tur. Denne gongen vart toalett- og garderobedelen ombygd og modernisert, og det vart installert nytt lydanlegg i bedehuset.

I 2018 vart det gjort ei stor oppussing der ein oppgraderte heile bedehuset innvendig. Denne var ferdigstilt i desember 2018.


Vik bedehusforeining og Vik bedehusforsamling

Den 16. februar 2013 vart Vik bedehusforeining stifta (Org.nr 998 031 680). 


I 2019 vart Vik bedehusforeining endra til Vik bedehusforsamling.


Vik bedehusforsamling er i dag knytt til Indremisjonsforbundet og Norsk Luthersk Misjonssamband.


Lovene for Vik bedehusforsamling finn du under på denne sida.


Styret for Vik bedehusforsamling 2026-2027

Øystein Vik (styreleiar),  Marit Vatnedalen, Anne-Kari Vik, Solveig Barmen-Johnsen og Anette Toft Wastvedt (kasserar). Vara: Åse Vik (1. vara) og Ulf Karlsen (2. vara).


Åndeleg leiarskap/eldsteråd:

Ole Kristian Vikenes, Morten Torsvik og Olav Martin Vik.


Medlemskap

Alle som ynskjer å støtte opp om Vik bedehusforsamling sitt føremål kan verta medlem. Ein betalar då ein årleg medlemskontingent fastsett av årsmøtet. Lovene for Vik bedehusforsamling finn du under.

Pr. 2026 er medlemskontingenten Kr 200,- for enkeltmedlem og maks kr. 500 per familie.


Røysterett på foreininga sitt årsmøte har dei som har betalt kontingent til Vik bedehusforsamling innan 31.12 året før årsmøtet, og har fylt eller fyller 15 år det året årsmøtet vert halde.


For å verta medlem, ta kontakt med Øystein Vik, tlf.: 917 83 989 eller e-post: oystein.vik@gmail.com